Reiv fyrst opp kryssfinéren bak i lasterommet for å koma ned til kontakten. Ut frå vanleg feil på Hiluxen er irr i kontakten var det ein grei plass å starte. Børsta det reint og smørde opp med 5-56, men det hjalp lite. Ettersom det vart med ein ekstra tankgjevar (og temp.målar) då eg kjøpte bilen tok eg likegodt å bytta den for å sjå om det var der. Skivebom. Då tok eg til å (prøve og) finne ut av kabeljungelen, men det er ikkje lett når 60% av kablane er svarte og skøyta fleire plassar med andre farger. Konklusjonen eg kom fram med då var at det her, det driter eg langt i no. Eit steg nermere nytt ledningsnett.
