Bytte hjullager framme

Moderatorer: baa, Snekker_Andersen, lj73jon, HighwayPatrol

Svar
st_effen
Innlegg: 22
Registrert: fre nov 29, 2013 10:44 pm
Sted: Bergen

Bytte hjullager framme

Legg inn av st_effen » man mar 30, 2015 1:03 pm

Har ein 98modell som har trilla 340 000 og no romlar det i høgre hjullager framme. Er dette ein kurrant sak å byte sjølv? evt kva verktøy treng ein? Er det eit pressa lager, eller er det av de typen der du tek av heile spindelen?
LC 90 1999 mod Grøn manuell gir aka "loffen"

Brukeravatar
håvard
Innlegg: 4004
Registrert: søn feb 22, 2004 3:37 am
Sted: Halden

Re: Bytte hjullager framme

Legg inn av håvard » ons apr 01, 2015 9:04 am


st_effen
Innlegg: 22
Registrert: fre nov 29, 2013 10:44 pm
Sted: Bergen

Re: Bytte hjullager framme

Legg inn av st_effen » ons apr 01, 2015 3:37 pm

ok, ja har fått bestilt og begynt demontering.

Er det nokon som har gjort dette sjølv? må ein skru av heile spindelen?

Har fått av bremseskiva og mytteren som held drivakslingen fast til navet.
LC 90 1999 mod Grøn manuell gir aka "loffen"

st_effen
Innlegg: 22
Registrert: fre nov 29, 2013 10:44 pm
Sted: Bergen

Re: Bytte hjullager framme

Legg inn av st_effen » søn apr 05, 2015 12:51 am

Ok

Da har vi omsider kome så langt at det berre er å montere saman igjen.

Tenkte eg kunne seie litt om denne jobben om nokon skulle tenke på å gjere dette i eigen garasje med hammer og skrutvinge. Svaret er vel eigentleg at slik eg ser det, bør ein ikkje begynd epå dette me dmindre ein har ei nokså grei hydraulisk presse til disp.

MEN du kan feks spare litt på å demontere og ta med deg heile spindelen inklusive lager til eit verkstad.
Først løsner du dei fire boltane under som held spindelen fast til nedre bærekule. 14mm fastnøkkel og skralle funkar her.
Vidare må du løsne ABS sensoren og bremseslangen så desse ikkje blir skada når du jobbar med spindelen.
Så løsnar du pinbolten på toppen av øvre bærekule og klakkar denne ut. Denne kom ganske greit etter litt 556 og overtalelse med lita slegge og hammer. Eg satte ein liten hamme rpå toppen av pinbolten og klakka oppover på øvre gaffelbein med ein 2-3 kilos hammer. Ein to tre rapp, så kom den. Vær forsiktig med gjengane på bærekula!!
Du kan og brekke av støvtetninga på sida mot drivakslingen no.
Voila, tar du med deg dette til verkstaden reknar eg med du sparar eit par tusingar på demontering og seinare på monteringa.

Så litt om pressinga:
Ein begynder med å presse sjølve hylsa der splinsa sitt på ut av lageret. Denne sat som berre juling. Mekanikaren som hjalp meg med det på påskeafta( i dag) trudde kanskje manometeret på pressa var litt ute å sykla, men han pressa med 40 tonn før den kom i følge nåla! Uansett sat det som berre grisen. Husk å plukke ut "ABS tannhjulet" og ein ring som ligg i tilknytning til denne
Neste ting er å ta ut låseringen, denne er ganske kraftig. Ei lita pinglete låseringtang vil ikkje gjere jobben.
Så går du på å pressar ut lageret, det sat betrakteleg mindre fast enn sjølve hylsa med splinsa i.
Ein reingjer stasen og monterar i motsett rekkefølge.

Alt i alt ein jobb som krev godt med utstyr, vi sleit litt med å finne gode måtar å presse ut senterhylsa på sjølv om vi var på eit fullveridg verkstd. Reknar kanskje med Toyota har noko eigne spesialverkty til denne jobben? Ellers er også spindelen stor og klumpete og litt vanskelig å jobbe med. Skyddet til bremseskiva er og mykje i vegen. Vi vurderte å skjære i det og trekke det av for å komme skikkeleg til, men klarte oss uten å gjere det.

Så får vi sjå i morgen om eg får sammen greiene igjen, so far so good

lageret eg plukka ut var forresten fullt i vatn, så der var nok grunnen til at det blei så gale så fort som det blei.
LC 90 1999 mod Grøn manuell gir aka "loffen"

Svar

Gå tilbake til «Generelt 9x»